Eit gedigent lys som passar for fest og store selskap – eller kvifor ikkje som kos utover kvelden?
Kranslyset er vårt største og flottaste lys, med sine åtte armar.
Lyset har vi funne i boka Lysår – lys, brød og tradisjonar. Det er dyppa av Trine Gotaas, som har arbeidd med lys og lystradisjonar, m.a. På Maihaugen på Lillehammer.
Det åtte-arma kranslyset har dobbelt veike, og brenn med kraftige flammar. Klipp gjerne veiken ned til 6-7 mm før ny opptenning.
Dette lyset er gedigent og tar gjerne sentrumsplass på eit middagsbord. Det inviterer til kreativ pynting.
Lyset er sin eigen stake og kan stå fritt, men hugs å ha eit brannsikkert underlag!