Kranslyset Kristin

Eit flott lys som passar midt på spisestuebordet so vel som på kommoden.

Litledalen Lys var etablert. Me hadde akkurat runda eitt år. Vi begynte å få faste kundar.

Mange hadde beundra – og ikkje så få hadde kjøpt – det åttearma kranslyset vårt. Nokon sa: – Kunne vi lage lyset litt mindre, med seks armar eller så? Det ville passe godt i stova deira. Og lysdypparen sa: – Nei, det må åtte armar til for ein krans, elles går det ikkje opp. Men likevel fortsette han og tenke, og ein dag kom ideen.

Seinare vart det eksperimentering på korleis lyset kunne bindast opp, og ein dag stod det der, det seksarma kranslyset Kristin, 40 cm høgt og 28 cm i diameter.

Helt perfekt for store og små dagar i store og små stover.

Lyset har fått namnet etter Kristin Halleland Straumstein som var med og starta Litledalen Lys.

Lyset er sin eigen stake og kan stå fritt, men hugs å ha eit brannsikkert underlag!