Skakkelyset

Skakkelyset er vårt signaturlys. Eit firearma lys med kongelege anar!

Det var borgarkrig i Norge. Erling Ormson, son av Kyrpingaorm, ville ha makt. Han måtte vise seg fram. På pilegrimsferd til Jorsal (Jerusalem) fekk han eit sverdhogg i halsen. Såret gjorde at han seinare bar hovudet noko på skrå, derav namnet han vart hugsa for: Erling Skakke.

Han gifte seg med Kristin, dotter av kong Sigurd Jorsalfar. Sonen deira, Magnus, var difor av kongsætt, og vart konge i Norge. Det skulle koste han livet 27 år gamal, men kyrkja Erling bygde på Stødle i Etne står framleis 850 år seinare. Magnus står på sokkel framfor Tinghuset.

Stødle Kyrkje. Delen til venstre vart bygd som familiekapell av Erling Skakke rundt 1160.

Og i dag har Etne fått Skakkesenter, Skakkekonjakk, Skakke-kor og Skakkelaks.

Sommaren 2015 sette lysdypparen Atle seg føre å finne ut korleis Skakkelyset ser ut. Resultatet ser de her.

Skakkelyset som adventslys:

1. søndag i advent: tenn det lengste lyset og brenn om lag ein fjerdedel.
2. søndag i advent: tenn det brente lyset, pluss det nest lengste, brenn om lag ein tredjedel av det som står att.
Og så vidare.

Skakkelyset er eit høgt og tungt lys, som må vere godt festa i ein tung lysestake. Eit syltetøyglas der du fyller sand/dekorasjonsstein oppi etter at du har sett lyset oppi, blir ein fin stake.
Skakkelyset har ca 1 cm dobbelt veike der lysarmane møtast. Lyset vi då flamme opp, og det kan falle ned ein bit veike.
Lyset må stå på brett av eldfast materiale.

Skakkelyset er mønsterbeskytta.