Produkter

Skakkelys

Kvart lys me lagar er eit stykke handverk av høgste kvalitet. Me nyttar berre råvarer av høgste kvalitet for å sikre at kvart lys held den høge kvaliteten dei er kjende for. Her er nokre av dei lysa me lagar.

Lysa våre inneheld om lag 80% parafinvoks og 20% stearin. Dei inneheld opp til 5% resirkulert lysmasse frå produksjonen. Veika er av bomull.
Klikk på navnet, så kan du lese meir om kvart lys.

Skakkelys

Eit firearma lys, populært som advents-lys. Det er oppkalla etter Erling «skakke» Ormsson, kongsfaren som budde på Stødle her i Etne.

Skakkelyset er mønsterbeskytta.

Heilage tre kongar

Eit trearma lys for ein kvar stund. Lyset har fått namnet etter heilage tre kongars dag, eller trettandedagen. Når jula skal ut av huset trettandedagen, er heilage tre kongar -lyset ein fin måte å markere at jula er over ved å vidarebringe ei stemning av kos og hygge.

Frå tråden vert oppspent på stativet, vert ljoset dyppa fleire titals gongar for hand. Mellom kvar tur nedi dyppekaret får ljoset henge til voksen er størkna. Når tjukkleiken er oppnådd  formast enden i eit vatn-bad. Til slutt vert kvart ljos justert, kontrollert og pakka.

Kranslys

Vårt største og flottaste lys med åtte armar. Det er sin eigen stake og står sjølv. Hugs at det må stå på eldsikkert underlag. Lyset har dobbel veike og brenn med ein kraftig flamme.

Lyset er designa av Trine Grotaas og er henta frå boka «Lysår – lys, brød og tradisjoner»

Kristin

Eit kranslys med seks armar, 40cm høgt og 28cm i diameter. Lyset passar perfekt som sentrumsdekorasjon på middagsbordet, gavebordet eller koldtbordet. Pynt gjerne med ein bukett blomar i midten eller ei skål flytelys.

Lyset har fått namnet etter Kristin Halleland Straumstein som var med og starta Litledalen Lys.

Atle

Det minste kranslyset, med fire armar. 40cm høgt og om lag 28 cm i firkant. Eit flott lys til advent, som dekorasjon på middagsbordet, kakebordet eller kaffibordet.

Lyset er kalla opp etter Atle Aas, ein av dei som starta Litledalen Lys.

Når du tenner eit lys frå Litledalen lys ynskjer me at du skal oppleve den gode stemninga som berre eit handlaga lys gjev. Eit produkt laga for hand er noko spesielt, for det inneheld på ein måte litt av menneskje som lagar tingen – og med dei folka som arbeider hjå oss, er me trygge på at lysa våre spreier god stemning når dei tennast.

Femarma

Eit stort og flott lys henta frå boka til Trine Gotaas.

Rette parlys

To og to lys heng saman. Fleire lengder frå 13-70cm. Fins i fleire diameter.

Viktig sikkerhetsinformasjon!

La aldri eit levande lys brenne i rom der det ikkje er folk.
Når du brenn lys med fleire armar skal du ha eldfast fat under heile lyset.
Lys kan misformast om dei står i varme rom eller sollys.
På nokre av lysa er det dobbel veike i forgreiningar. Desse kan falle av, og flammen kan bli mykje større ei stund.