Om oss

Sidan år 2000 ble det dyppa lys i Litledalen. Det starta med trearma heilage tre kongars -lys rundt Karimesse i november kvart år. Så vart utstyret forbetra og det la grunnlag for å prøve nye lys. I 2012 og 2013 selde vi lys gjennom Søstrene Lye. Hausten 2015 var fleire flyktningar med på produksjon og sal av fleire typar lys. Skakkelyset (adventslyset) vart dyppa og tent for første gong. Grunnlaget vart soleis lagt for å utvikle bedriften vidare, og eit aksjeselskap vert stifta. Me oppretta butikk i lokalar i sentrum av Etne og selde lys derifrå.

Hausten 2020 ble Litledalen Lys AS kjøpt opp av Øyane ASVO AS. Lysproduksjonen og butikken ble flytta ned i lokala sjå Øyane ASVO AS på Tongane.

Heilage tre kongers lys, eit tre-arma lys produsert av Litledalen Lys AS


Frå starten:

Atle Aas har dyppa lys på hobbybasis frå år 2000. Først dyppa vi Heilage trekongars lys i sjølvlodda dyppekar. Seinare har det blitt større, rustfritt kar og dermed større lys. Mange vener og kjente har vore med på dypping før Karimesse (25. november) kvart år. Atle si kåna, Marta Onstein, har vore sosialkoordinator og arrangør.
Atle jobba med flyktningar og eit par år har nokon av dei vore med å produsere for sal. Fleire av dei har etter kvart god erfaring. Sajih Hamdan var ivrig lysdyppar og ikkje minst seljar hausten 2015 og bidrog til eit godt testsal.
Kristin Halleland Straumstein er kreativ lysdyppar og butikkdesignar. Ho lagde utstillingane i lysbutikken ved Bunnpris og på Julemessa på Skakke i 2015. Fleire andre bidrog med råd, rettleiing og utvikling av materiell til Litledalen Lys.

«End of an era…»

…og ei ny epoke tek til, nærare bestemt hausten 2020. Då vart bedriften seld til Øyane ASVO AS. «Asvo», som bedrifta blir kalla i bygdo, er ein tilrettelagd bedrift for personar som treng varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) eller er med i arbeidsførebuande trening (AFT) . Produksjon og butikk ble flytta ned til Asvo sine lokalar på Tongane.